Kjapp flytur opp til Gatwick,ein taxitur på 35 minutt og ein er framme i Brighton.
Sidan vi berre hadde eit døgn i England,enda vi i badebyen istadenfor London.Her har eg ikkje vore,berre høyrt om, og eg tykte det kunne vere morosamt og sjekke ut.
Feil årstid sikkert,men kjensla av engelsk badeliv kan vi kanskje enno finne.Knutsen påstår at det passar fint å vere her sidan eg er anglofil.Eg elskar alt som har med Storbritania og gjere,meiner han.Det gjeld alt frå engelske filmar,seriar,les Lewis,til engelsk frukost.Eg nemner Lewis,for vi har stadige diskusjonar om kva seriar vi skal sjå,og eg tykkjer dei fleste blir for «vondsinna».Takke meg til og løyse eit mord i ny og ne,utan at ein skal lage konspirasjonar bak ryggjen på ein.Mord og mysteriar ser eg når Knutsen har sovna,han meiner det «sviv» altfor seint,og det skjer lite og ingenting?
Kva kunne eg om Brigthon?
- Det er ein engelsk badeby.
- Dei har pariserjul(Ferrywheel)ved stranda,og ei berømt bryggje.
- Det er supert å vere både homofil og heterofil her.Dei har både paradar og festivalar.
- Dei er óg kjent for dei mange vintagebutikkane.Her skal ein kunne finne unike skattar,men det tek lengre tid enn kva vi hadde,diverre.
- Ellers lite og ingenting.
Knutsen hadde bestilt på eit hotel»by the Seafront»,Drakes.Koseleg og lite hotel,utan heis.Opp smale trapper,77 trappetrinn faktisk,og vi kom til rom 401.
Her hadde vi flott utsikt over sjøen og «pieren».Sentralt og bra,med ein god restaurant nede i kjellaren.Om kvelden fekk eg spesiallaga mat i ypperste klasse.Her blei dei beste blåskjella frå Skottland servert,samt rapphøne frå Kent.Det er visst sesong for det no, rapphøne.Kelneren jobba lenge med å forklare oss den raude litle fuglen,ei delikatesse.For dei som lurer heiter det «partridge» på engelsk.
Koseleg og travelt å vere «speedturist» i Brighton.Eg hadde hengt meg opp i badehus ved stranda,samt parisehjulet som eg tykte var viktig og ta bilete av.Fann ikkje alt, men mykje anna fint.Knutsen påstår,sidan eg driv og tek bilete,at eg er som ein liten hund som småskvettar heile tida.Han mister meg visst nok stadig vekk,men det er så mykje spanande å sjå etter.
Tida går fort.Vi traska opp og ned gater,og etterkvart leita vi etter informasjon på nettet om ting ein burde kunne om byen.Koseleg sentrum med mange gode restaurantar og pubar.Eg kan levande førestille meg byen om sommaren.For eit liv.
Vi fann eit indiskinspirert palass midt i sentrum.
Heilt opp til midten av det 18.århundre var Brighton ein litan fiskelandsby.I 1753 var det ein doktor som kom opp med ein teori at ein fekk betre helse om ein var ved sjøen.Saltvatn og dette klima skulle vere bra.Då kom det mange rike og sjuke menneske til Brighton,for å nyte godt av helseeffekta.Etterkvart bygde ein store sommarhus,og byen vart ein fasjonabel badeby.I 1786 leigde prinsen av Wales, Georg 4.,ein gard her.Han fekk bygd palasset.Planen var og ha det til ei sommarhytte,for véret her skulle vere bra for han.Han fekk visst berre brukt det eit par gonger?Flott er det.
Her er nokre smakebitar frå byen:
Snipp, snapp, snute og så var tida ute.Flyet vårt heim til Noreg skulle snart flyge.
Nos gustan las ciudades a orillas del mar:)