Knutsen har kjøpt flybillettar.Det er så lenge sidan vi har kjent flybensin i nasen.Vi har vore heime i fleire veker,iallefall to,og det er på tide med litt luft under vengene att.Han likar og samanlikne oss med makrellen. Makrellen må symje heile tida for ikkje å synke,vi må reise for? Berre ei utvida helg,men eg er som alltid klar.
Her reiser ein berre med handbagasje,det er ikkje mykje klede ein treng når ein skal ned til varmare strøk.Siste Ryanairfly til Malaga står klar,dette blir bra.
Vi skal til Porto Banús.Det er ein feriestad ca.40 min sør for Malaga.Byen er kjend for marinaen sin.Eigedomsutviklaren og foretningsmannen José Banús bygde marinaen rundt 1970.Her ligg «luksusyacter» på rekkje og rad.Det er berre til å velje.
Banús imiterte ein tradisjonell fiskelandsby då han designa havneområdet.I området kan ein rusle rundt,ete og drikke godt samt handle klede om ein ønskjer det.Her er det merkjevarer som gjeld.Flotte butikkar ligg på rekkje og rad.Kan hende du kjenner at du treng handkrem som inneheld gullflak? Eller vil du slå til på ei Louis Vuitton veske? Om du ikkje ønskjer og betale så mykje,er det berre til å handle hjå dei lokale ein treff i gata.Dei sel både vesker og skjerf,ja til og med Iphone 6.Dei jobbar tett saman,det går sjeldan meir enn eit minutt mellom kvar selgar.Så her er det moglegheit for å gjere gode kjøp.
Ein kan sjå på fine bilar óg,dei fres rundt og rundt kvartala.
Eg har høyrd rykter om at Antonio Banderas har eit hus her,torget er iallefall oppkalla etter han,og no som det er slutt med kona veit ein jo aldri.Best å ta med ein flott kjole:)
Vi har vitja staden før,vel og merke om sommaren.Då er det godt og varmt,og strandliv som tel.Mange flotte strender,og klubbar der ein kan leige seg ein flott solstol i skinn og verkeleg slå ut håret.
No,i slutten av oktober er det ikkje så varmt,mest lettskya. Og når sant skal seiast har staden blitt eldre,slik som oss.Stadig fin og flott,men ein del av bygningane og området rundt treng nok og pussast opp.Det er mange sletne og «1980talsperler».
Det kan óg vere at sesongen er på hell.Hotellet vi låg på,rett ved sida av havna,skulle snart stengje.Det kunne vi merke,her var mørkt og kaldt i baren.Anna enn vatn var ikkje å oppdrive.Det var ikkje akkurat slik at dei ønskte oss strålande velkommen,men her var vi.
Vi er uansett flinke til å kose oss!
I Puerto Banús fekk vi sitje ute,ete god mat,drikke godt og vandre gatelangs.
Har du opplevd å sjå mange småfuglar som fyk i flokk? Her fekk eg både høyre og sjå tusenvis av småfugl som samla seg til fest. Det var ein lyd utan like.Det er kult er å sjå,når dei kjem flygande.Det er som dei tenkjer:»Her er bra med aktivitet,vi tar ei lita pause frå all denne flyginga.Vi vil treffe venene våre.» Då fell dei ned som små oskeflak,og vips har dei landa i treet.Hadde eg berre hatt lyd på bilete,tusenvis av fugl som sladrar saman.
Her har ein promenader som går langt både til høgre og venstre.Om ein ønskjer det kan ein gå til Marbella,men vi valgte å gå andre vegen.
Mykje fint å sjå på, god trim og fred i sjela?
Vi kosa oss to dagar til ende.
Pizza som er gluten og lactosefri, lenge sidan sist:)
Knutsen i form.
(PS.Dette var ein super stad.Her hadde dei Panasonic toalett med oppvarma dosete og massasje:))
Når ein koser seg ute, kan ein fort hamne i bryllaup.
Sidan det var vanskeleg å kome heim frå Malaga, enda vi på ei lita reise til.
I følge Knutsen måtte vi via England for å kome heim,sjølvsagt.Det passa igrunnen bra, Brigthon har eg ikkje vore i,så då enda vi der.
Nos gustan los aeropuertos y aviones.