Velg en side

Det er travelt å vere heime på Sevland.


(Haust)

Eg hadde berre tenkt med ein tur til Skudenes,til ungdomskulen,for å vitje kollegaene mine,og sjekke korleis livet var der utan meg. Dei hadde det travelt kan ein vel sei.

Så trur du ikkje eg vart hanka inn som vikar i nokre dagar,i spansk?

Fort gjort.

No har eg alså jobba!

Ein bør ikkje fortelje nokon at ein har tenkt og lære eit nytt språk,då kan ein fort ende opp med å ha slike timar som eg har vikariert i.

Kan eg spansk?

Tja,nokre ord kan eg,men føre ein samtale det kan eg ikkje.Eg er i grunnen ganske god til å gå på restaurant og bar. Då kan eg seie kva eg vil ha,og lese menyar,på spansk.Det er ikkje slik at eg i løpet av ein månad kan snakke og lese alt. Eg skulle ønskje det var slik,at eg lærte det fort,men faktumet er at det skjedde så mykje i Spania i september at eg nestan ikkje hadde tid til å lære meg mykje spansk.Dessutan lærer ein litt seinare etterkvart som ein blir eldre. Ikkje det at eg er gammel,berre litt eldre enn før.Det er mange eg veit om som flyg opp og ned til Spania heile året. Ikkje alle kan snakke spansk, ein kjem langt med engelsk.Det sviv så seint i hovudet når eg skal prøve å tenkje spansk,men nokon trur visst at det skal gå bra.Å ha elevane i spansk.

Lukka er at eg er utdanna pedagog,og eg har lært mange teknikkar som elevane kan bruke.Det er óg viktig at elevane tar ansvar for eiga læring,så her får ein late som ein har stålkontroll.I min pure ungdom hadde eg lyst til å bli skodespelar,og her har eg ei ypperleg anleiing.

Ein time i spansk kan fort utarte seg slik som dette:

Lærar: Hola,buenas días.Me llamo Tove Mette.

Elevane:Buenas días.

Lærer:Qué tal?

(Nb.Fann ikkje omvendt spørsmålteikn på dataen.Eg veit det skal vere i starten)

Elever:Bien,y oversetje.Set

Lærar: Mas o menos,estoy cansada.

(Dette for det utrykket har ikkje elevar i 8.klasse lært,og då høyres det litt imponerande ut?)

Lærar:Ta opp «libroen» på «lado veinte». Vi skal lese og oversetje.Set dykk saman to og to, og jobb. Leksa er å lese og forstå denne teksten, glosene står bak i boka.

Elevane jobbar, så kjem det spørsmål.

Elev:Kva heiter..?

Lærer: No,lo siento. Eg veit ikkje, men eg kan vekedagane, kan dykk dei?

Elevane ser på læraren, undrande.

Lærar:La semana:lunes,martes,miércoles,jueves,viernes,sábado y domingo.Skriv det ned,det er kjekt å kunne på spansk? Det står på «lado veinteuno».

Elevane jobbar litt til,med glosene, dei lager seg eit øveark.

Elev:Kva heiter..?

Lærar: Eg veit ikkje, men det skal eg sjekke opp i ordboka, ein augneblink.

Eg skal læra dykk eit utrykk som er nyttig i Spania.Kan det dette kan de iallefall få svar på kva ulike ting heiter på spansk: Cómo se dice en español?

Så går no timen,og vips er det friminutt:)

Berre så det er sagt.Eg har respekt for yrket mitt,og eg satt og førebudde meg slik at eg kunne det elevane,i følgje plana,skulle læra noko om.

Eg hadde god bruk for denne boka.

Morosamt var det,sjølv om eg ikkje kan så mykje.

Elevane i Skudenes er kjekke og oppegåande,og plutseleg var eit par dagar med spansktimar over.

Læringa til elevane veit eg ikkje noko om, men eg lærte meg endå meir spansk enn eg kunne frå før.

Over til neste prosjekt:)

Share This