Å golfe er ganske morosamt,sjølv når ein ikkje er særleg god til det.
No som det er så fint haustvér er det kjekt å ta ein golfrunde saman med gode vener.
Eg veit eg burde øve.
Aller helst burde eg stått kvar veke på «driving rangen» og slått.
Her er mykje og hugse på.
Korleis skal ein stå med beina? Korleis plassere hendene på golfkølla?
Kva med svingen,putten og alt det andre ein skal kunne?Kva kølle skal vi bruke til kva?
Ikkje sjå på ballen, fullfør svingen.Ein treng ikkje bruke krefter,bruk teknikk?
Eg har så lite tolmod,eg vil kunne det med ein gong!
Ute på bana er det mykje kjekkare.Då øver ein seg undervegs.Det er sosialt og vi får trene beina i same slengen.Ein ruslar frå hol til hol,og prøver det beste ein klarer.
Kan hende nokon klarer ein birdie eller bogey?
Vi startar med godt mot,lange peggar og store køller i utslagsfeltet.
Lett å skru golfballen ut i skogen.FORE!
Eg har ein superstart,no kan det berre gå oppover?
Yes, eg vann det fyrste holet:)
Av og til vil ein ikkje «droppe», så her gjeld det og slå alt ein kan.
Her har nokon havna i «roughen».
Langt og lenger enn langt bør ein slå,rett fram på fairwayen.
Får eg det til?
Not.
Etterkvart slit eg, eg må berre nemne det.Eg klarer ikkje slå lange,høge ballar:(
Det skal vere ei hand mellom underlivet og kølla,seier Knutsen.Hjelp det?
Eg trenar og trenar,hola (bana) er lengre og lengre,og eg byrjar og kjenne meg litt motlaus. Fokuser, nullstill deg, seier dei andre,«gentlemenna».
No byrjar vi på eit nytt hol.Sjå der ja,du kom over bekkjen.Bruk treeren,då kryp ballen lenger sjølv om han rullar langs bakken.
Uansett,eg fekk god trening og hadde hyggeleg lag.
PS!Eg vann dameklassa:)
Vel heime blei sigeren feira med eit glas sjampanje, det var tross alt laurdag.
El golf es niza para todos.