Velg en side

Knutsen har jobba i hagen, det er det ikkje kvar dag han gjer. No skal eg ikkje skryte og innbille dykk at eg er der kvar dag heller,men eg tutlar no på litt meir.Eg er spesielt god til å plante ned blomar som eg stadig prøver å ha i krukker.Krukker er eit styr,så her i heimen har eg det berre til spesielle anledninger,som til dømes konfirmasjon og 17.mai. Etterpå endar plantene ein eller annan plass i hagen.Hortensiar,flotte og villige. Ellers så veit eg no skilnaden på ugrass og blomar,så litt får eg til.

Blomar som ordner seg sjølv, utan mykje arbeid,er det kjekkkaste.


Eg burde ana at noko var i gjære då han etter middag spratt opp og sa han skulle kjøpe seg ei ny sag.No trur eg at han har vore inspirert av ein skrekkfilm, motorsagmassakren.Plommetréet som var stort og fint,ser nokså nakent og einsam ut.Det er renskna!

Eg er ikkje sikker om Knutsen veit skilnaden på det å barbere seg og kutte hovudet.Det nyttar ikkje å diskutera med han heller.Han har fått fagleg hjelp,seier han,og han veit at min viten om kutting av tre ikkje er den aller styrste.Han påstår hardnakka at så mykje skal ein ta,då blir det flott dei neste åra.Det kjem til å bugne av flotte plommer.No får greinene lys og plass.Kva greiner? Det er då ikkje mange igjen?Det er litt vanskeleg å tru på han akkurat no, men det skal bli spanande å fylgje med.Innsatsen er det ikkje noko i vegen med.

Haustvéret er flott for tida. Sol og deilig frisk luft.Det nyttar ikkje å sitje inne og sjå på støvet,her må ein nyte véret før hauststormane set inn.

Så eg tek turen ut,med augo mot bakken denne gongen.Det er utruleg mykje smått og vakkert ein kan ta bilete av.Og noko må eg gjere for å gløyme det nakne plommetreet eg berre har lyst til å strikke trekk til.

Eg går med musikk på øyra.Det gjer at eg går i ulik tempo,her gjeld det å gå i takt.Av og til bryt eg ut i song. Eg tykkjer det høyres så flott ut,og eg syng «såå» fint?

Forstår ikkje dei merkelege blikka som eg får av forbipasserande?

Flott tur blei det,både song og trim gjer godt for sjel og sinn:)


(Kløpulver til Knutsen,? kanskje?)

Sol es buena.

Caminar es saludable.

Share This