Sidan eg har sagt at eg skal gjere ulike aktivitetar dette året eg har fri, så er det på tide å syne fram noko av det eg held på.Dette gjer eg jamt og trutt,eg strikkar. Ikkje alltid, men iallefall når eg ser på fjernsyn.Det går ikkje ann å sjå på fjernsyn utan «spøtet», det blir «sååå» kjedeleg. Då ligg eg velta på sofaen,og held på og sovne. Difor må eg strikke, slik at haldninga mi er god,og eg klarar og følgje med.
Eg strikkar så mykje at her ei stund vurderte eg å starte butikk. Det må vere kjempegreier i Spania til dømes. Der har dei siesta,og eg kan ha butikk som er open frå ti til to.Då kan eg berre sitje utanfor butikken og strikke,syne fram alle ullgenserane spanjolane sjølvsagt treng.Foreløpig er dette berre i hovudet mitt,sidan eg ikkje bur i Spania, men reiser att og fram. Trøysta er at om eg startar strikkeboda mi,i Spania,kjenner eg mange og eg meiner mange som vil jobbe hjå meg av og til.
Det er»stovereint» óg det for tida,å strikke.Det bugner over av bloggar og bøker av flinke folk som held på med strikking, og dei strikk overalt.
Problemet mitt er berre det at eg ikkje treng fleire ullklede.Eg får ikkje brukt alt eg strikkar.Ein blir så fort reven med på butikken.Det er så mange fantastiske mønstrar,fargar,spanande garnsorter og stadig nye tøffe klede.Strikkety må eg ha.Av og til blir det tepper,kluter og andre basargåver.Det er bra,ettersom skåpet bugner av ulike strikkeklede eg sjeldan brukar.
Det er i grunnen bra at Knutsen dreg meg ut på tur.Då tar eg strikkefri sidan vi ikkje ser på tv,men finn på andre morosame aktivitetar.
Forresten eg strikkar utenom óg,blant anna når vi har klubb.Ja,eg er med i ein «syklubb» og han har eksistert i snart 25 år trur eg. Ein gjeng med kjekke damer som no er i sin beste alder. Vi møtes ca ein gong i månaden. Då skravler,ler,strikker og et vi,god mat og god dessert.No kom det meg for øyra at vi har slutta med dessert.Han(desserten)la seg på stader vi slett ikkje ville ha han. Når ein blir litt eldre,eller tippar førti visst nok,er det mykje ein må tenkje på.Dessutan er det ofte slik at ein etter å ha vore i klubb er så stappmett både på mat og snakk at ein ikkje får sove når ein kjem heim.Då må ein sitje apatisk i sofaen minst ein time og samle tankane før ein klarer å leggje seg i senga,på ryggjen.
Temaene i klubben har vore mange.Vi har fulgt kvarandre gjennom fødslar, barneoppdraging, mannnfolk,utdanning og mykje anna. Vi har reist på turar,feira dagar og hatt koselege julebord med blant anna pakkeleiken.
Her strikkar vi framleis litt,om ein ikkje har vondt ein stad på kroppen då.(Det følgjer òg med alderen tydelegvis).Og vi kan berre strikke om vi har godt lys og briller Det nyttar ikkje å strikke om ein har dempa belysninga og tent opp levande lys.Det får ikkje hjelpe at det skal gje god stemning,oppskriftene har så lita skrift.
Vi følgjer med i tida,og utviklar oss stadig.No sist,jobba vi med Snap på telefonane.Snap,må alle ha og kunne bruke.Det ser skikkeleg koseleg ut når alle sit med kvar sin mobil i handa?Læring på høgt plan for nesten alle damene.
Det er ein kjekk gjeng.Eg likar best dei stundene der vi berre bryt ut i latter, blir raude i andletet og tårene trillar.Det kan til og med kome ein skvett i buksa då.Det kan skje før ein aner det.
Kos er det, både klubben og strikkinga.
Tejer es divertido:)