Det er viktig å leggje planar for dagane når ein har permisjon frå jobben.
Eg har bestemt meg for at kjøken skal/bør/må/kanskje vaskast før jul.Så her er det berre til å brette opp armane og ta fatt.Ein veit aldri når ein er på farta att.
Samtidig,sidan eg er kvinne og kan gjere meir enn ein ting om gongen,skal eg øve spansk.
Nokon har ein eller annan gong funne ut at det å henge opp gule lappar for å hugse ord er ein lur ting å gjere. Det blir jo mykje meir moro og vaske når ein kan pugge spanske gloser samtidig. Alt skal ut av skåpa og skuffene,ikkje noko problem.
Derimot har eg eit anna problem.Knutsen har funne ut at vi bør skifte kvardagsservise. Folk plar gjere det med jevne mellomrom seier han. Eg derimot,lat som eg kan vere,meiner at så lenge det verkar er det vel ok? Kongen skal vel ikkje kome her på middag? Og kva skal ein gjere med det ein har? Skal ein kaste det eller gje det til bruktbua? Då må eg óg leite opp kassar til å samle tinga i.
Eg har lova dette no då,så i det siste har eg prøvd å kvitte noko frå skåpet.
Til dømes når eg har middag,og ein av ungane vil ha restematen med heim. Her får du mat på tallerkenen,ikkje bry deg med å gje han attende,tallerken altså.
Det minkar no litt i skåpet.
Verre er det å rydde i dei skuffene kor vi samlar alt mogleg av reiskapar vi berre treng ein sjeldan gong. Du kan nesten banne på at om ein kaster/gir det vekk,så treng ein det neste dag.
Å skifte servise kjennes nesten som å jogge ein halvmaraton(det har eg faktisk gjort eingong).Eg blir trøtt berre av å tenkje på det.Det passar ikkje for den «speedshopparen» eg er. Ein må bruke tid på det,og tenkje nøye på kva ein vil ha.Ein må óg sondere dei ulike butikkane i nærleiken, det er mange ulike merke å velje mellom, Porsgrunn, Wedgwood,Denby,Royal Porcelain,Figgjo, Rosenthal og andre.Deretter må ein gå i dybda.
Korleis skal fargen,størrelsen og fasongen vera? Skal det vera blomstrete, stripete eller kvitt? Dei djupe skålene? Kor store og djupe vil ein ha dei?Skal dei brukast til suppe eller cornflakes? Koppar,treng vi no tefat eller skal vi ha krus? Vil vi ha tekrus eller mindre kaffikoppar? Kva hank er best? No som vi lid av «spanskesjuka»,treng vi ekspressokoppar? Kor mange av kvar sort skal vi ha?Skal det vere keramikk eller porselen eller glas? Prisen då, kor mykje kostar det? Kjem det til å vere tilgjengeleg i butikken om vi knuser og treng noko nytt? Skal vi ha potetskåler,sausnebb,flate fat og kor mange treng vi eigentleg?Eg er avensjuk på dei som tykkjer dette er morosamt.Spørsmåla er mange,eg blir sveitt her eg sit og tenkjer. Det er mykje enklare å ta med seg ei bluse i forbifarta.
Men eg skal klare det, kjøpe nytt alså.
Eg trur berre eg tenkjer eit par dagar til:)
La cocina,tenedor,cuchara,cuchilla,cubierto,vaso,taza,plato,mesa,silla,servilleta,ventana.
Elit escort bayanlara ulaşmanın en kolay yolu: escort Elit escortlara ulaşmak için hemen tıklayın