Velg en side

(PS! Bilete er tatt sjå naboen:))

Alltid litt merkeleg å kome heim.

Ein sit der,litt i «vakum» etter å ha vore på reise,og tenkjer på kva ein skal gjere no?

Kjensla over å vere heime er blanda,både litt keisamt og kjekt.

Det er morosamt å treffe familie og vener,og ein er superklar til å fortelje.

Ein tykkjer  at huset er lyst og fint,og ting ser litt nyare ut enn når ein reiste?

Ein frys litt etter fem veker med fint vér.

Kjøleskåpet er tomt,og det er litt sytsamt å handle.

Hausten er komen, og ein ser alt ein bør gjere i hagen.

Ein ting er uansett sikkert,det skal bli deilig å lea på seg,etter nærast fem dagar sitjande i bilen.

Ut på tur må eg, sidan sola tittar fram.

Temperaturen virkar ikkje som han skal.Eg undrar på om det er overgangsalderen eller overgangen frå Spania?

Ja,eg veit eg er blitt litt eldre. Det merkar eg med synet. No er eg blitt ein av dei som alltid har skitne briller. Kjenner du til det?

Passar med briller på når ein ser utover,men skal ein lese bak matvarer eller anna smått må brillene opp på hovudet.Eg blir sprø! Briller opp, briller ned.Må nok innsjå at det er progressive som gjeld. Syte litt med det, men slik blir det nok.

Det er det same med temperaturen,berre krøll.Varmt, kaldt, kaldere, varmere.

Er eg på full fart inn i ei midtlivskrise?

Ja det er haust,og flotte fargar finn vi i naturen.

Sjå epla mine,supre!

Det er godt eg har ei kjekk dotter som er flink til å bake.

Las manzanas son rojas,

las violetas son azules. 

Share This