Om det regner i Frankrike, ikkje nøl med å stoppe.Eg trur faktisk det er ein regel, fjellvetregel: Stopp i tide!
Le Boulou, ein liten fransk by nær grensa. Her er det ein time til skianlegg og ei mil til stranda.
Køyr eit lite stykkje opp i fjellet, og du vil finne ei lita perle gøymd inne i skogen.
Le relais des Chartreuses. Tydelegvis kjent for mange, men ikkje for oss.
Sjarmerande!
Rommet vårt.
Eg lure på om eg har byrja og utvikle ein nase for slike hotel.
Hyggeleg personale,god mat på restauranten og fantastisk natur rundt hotellet.
Frankrike er stort og «laaangt».
Vi køyrer og køyrer,timane går med til spøting og køyring.I dag,onsdag,fekk eg køyre.Knutsen fann ut at det var viktig å kjenne på det å køyre på motorveg,få fartskjensla. Det fine med det er at ein kan leike ein er med i eit bilspel.
Her gjeld det å ha tunga rett i munnen.
Eg venta og venta på å få ta bilete av at vi var i eit anna land,då hadde vi køyrd i 7 timar minst. Neida, rett over ein kanal,og plutseleg var alle skilta tyske.
Vi var trøytte og svoltne,her måtte det leitast etter hotell. Ikkje like lett, sidan det er oktober og ølfestivaltid,men vi enda i Baden Baden.Byen er kjend som ein kurby.Det hadde vi ikkje tid til å nytte:(
Trøsten får vere at eg hadde vilsvin til middag.
No hadde vi verkeleg sust inn i hausten.
Tyskland er stort og «laaangt».
Mil etter mil freser vi avgarde.Knutsen bak rattet,eg med ulike utspel av variert kvalitet.
Hundre kroner til den av oss som ser ein bil med norske skilt eller ein elbil.
Er det morosamt å ha jobben med å skrape den gule stripa av vegen?
Sjå der,ein flyktningleir,var det nødvende å ha han så nære motorvegen?
Eg veit iallfall kva yrkje eg ikkje vil ha,trailersjåfør.
Mykje vegarbeid er i Tyskland, dei støype visst vegane i betong.
Vi endar til slutt i Danmark. Mørkt og kaldt og «finregn» overalt.Jaggu meg,så har vi køyrd i snart 12 timar. Tempen stig i bilen og det er litt amper stemning,ikkje lett å finne plass og bu. Alt fullt i Ålborg, her er det fiskefestival.
Til slutt får vi napp,i Skørping,Rold storKro.Alt ordner seg med eit glas raudvin og dansk smørbrød.
Speedbåten neste.
Estamos en el país en Sevland:)