I går køyrde vi heim fra Malaga, omlag 6 timer tar det.
Flott natur,men det er noko med forskjellen på transportetappar og biltur.Transportetappar kjennes ofte lengre ut og er meir keisamme,sjølv om ein gjer det same som på biltur. Vi set mest i bilen.Knutsen og eg var vel einige om at naturen var betre ned til Malaga enn opp.(Sjølv om han er den same?)
No går turen heim til Karmøy. Vi får sjå om det blir biltur eller transportetappe.
Det er med vemodig hjarte igrunnen,det å reise heim.
Misforstå meg rett,det blir morosamt å treffe familie og vener,men dei lange fine frukostane ute på terassen dei kan ein bli avhengig av og véret sjølvsagt.Eg kjem nok til å sitje heime på Sevland,med frukostabstinens.
Avgarde skal vi.
Sidan Knutsen er ein «brillante» sjåfør så må jo eg som sidekvinne finna på andre ting.
Her gjeld det å få transportetappar til å bli biltur, så ein del av bileta idag er tatt medan vi køyrer.
Utanom les eg litt om dei ulike byane vi passerar etter vegen. Det fine med motorvegen i Spania er at det er mykje og sjå, mil etter mil etter mil.Fyrst bugner det av oliventre,seinare vinranker, mon tru om dei blir nytta til å lage cava?
«Almuerzo» må vi ha:)
«Fra en radio strømmer gamle melodier.»
Rock FM,her kjem slagere på rekkje og rad.
Køyremusikk seier Knutsen:«Hard as a rock,hard as a rock.»
Vi skimtar Pyrineane langt i det fjerne.
Bilsongen.
(melodi:»Tut,tut seier onkels bil»)
Knutsen har ein fine bil,
han kan køyre mange mil.
Fort av stad på motorveg.
her skal ingen kjede seg.
ref: tut,tut,tut,tut,tut,tut,tu.
Mykje jordbruk ser vi her,
mange store oliventrér
Spania,ja det er bra,
véret gjer oss alle «gla».
ref: tut,tut,tut,tut,tut,tut,tu.
Tempen datt jo nokre hakk,
da vi inn i Frankrike spratt.
På med bukser, meire kler
kan det no bli verre vér?
ref: Tut,tut,tut,tut,tut,tut,tu.
Nå det regner bytter,spann,
sjelden sett så mykje «vann».
Vi må stoppe, kvile nå,
korleis skal no dette gå?
ref:Tut,tut,tut,tut,tut,tut,tu.
Lluvia,no gracias!