Å fortelje om korleis det er å vere på tur med slogmåkane er særs vanskeleg.Det må berre opplevast.Her skal det «syngast, etast,drikkast og fjollast». Gullkorna set tett,og vi er høge på livet.Det er så travelt at ein slett ikkje har tid til å blogge.
Mat er viktig,og nokre er meir svoltne enn andre.
Malaga er en realtivt stor by,faktisk den 6.styrste.Her finn vi gamle byen,kjøpesentra, kulturminne,strand,marina og mykje meir.
Her kan ein rusle timevis og kose seg.Mange museum er der óg.Vi valde å gå på Picassomuseet. Picasso er fødd i denne byen og han budde her til han var 10 år. Vi fekk sjå bilete han hadde måla i ulike fasar av livet,og flink? «Si»!
Eg blir alltid fasinert av all husa,vindauga,fasadar og skilt i byar.Her er det mange deltaljer å henge seg opp i,så no får de eit skråblikk på kva ein kan sjå om ein set nasen i sky:).
Sundag er sjølvsagt en sånn dag der vi tar ein busstur opp i fjellet for å vitje ein bodega. Her skal vi både lære om vin og smake vin. Det er viktig å vite noko,og lære litt av det spanjolar lev av.
500 meter over havet, ca 50 minutt frå Malga kom vi til ein liten by, han har ca 1000 fastbuande.Han ligg der oppetter fjellveggen,Moclinjeo.
Her oppe i skråningane såg vi druetrea. Dei er gamle,og det er spesielle sorter planter som kan tole dette tørre og varme klima. Druene vi såg på var Muskatel.
Desse brukast blant anna i kvitvin, men i dette område lage dei óg rosiner.Så ei stund trur eg nokre var bekymra for at det var rosinsmaking vi var på.
Her produserast både kvitvin, søtvin og rødvin.
På den lokale restauranten,som låg ved sida av rådhuset, fekk vi servert tapas og paella. I takt med mat og god drikke var stemninga heilt klart på veg opp.
Tydeleg at dette var samlingsplassen.Dei lokale kom saman med familiane sine for å ete sundagsmiddag.Tippar at dette blei ein litt spesiell sundag,for idag fekk dei jammen meg shantimusikk på kjøpet.Visse medlemmer i koret blei nok etterkvert «klamme i hakkje».
På vegen nedover fekk vi og moglegheit til å studera både mandeltre og oliven.Her gjekk nokre på «mandelslang», medan andre fann spansk kjørvel. Det skal visst nok vere bra i supper.
Det var sterke krefter der som meinte at eg burde ta bilete og dokumentera det,men idag heldt eg meg hardnakka til druer.
Kvelden blei avslutta med god mat, og flott stemning nede ved stranda.
El vino es bueno,todos son felices:)