Vi skal på langtur i helga, til Malaga.
Her skal vi møte Slogmåkane.Ein gjeng med mannfolk som lett bryt ut i song.(For dei som lurar så er det eit shantikor.).Dei deltar i Norske Talenter fredag.
Det skal bli morosamt. Då blir det mykje «lått og løye».
For å ikkje slite oss ut på vegen har vi bestemt oss for å ha eit stopp.
Ein fyr eg kjenner,som er både flott,kjekk og flink til å syngje har tipsa oss om ein bra by, Almeria.
Vi er klare for nye opplevingar.
Almeria er ei skjult solperle ca. 3-4 timar sør for Moraira. Byen har mykje å by på,og då vi fann ut at han óg hadde fine naturiststrender hadde vi vanskeleg for velje kva vi ville bruke ettermiddagen til.
Heldigvis så hadde vi blitt tipsa om eit bra hotell, ellers hadde vi nok enda på eit av dei mange nudistpensjonata.
Soling eller byvandring?
Vi enda på byvandring, sidan byen er ein smeltedigel av gammalt og nytt.
På vegen til Almeria finn vi ein spesiell type landskap. Området heiter «The tabernas desert», óg kalla «The Badland» Her er mange filmar spela inn,blant anna spagettiwestern, men óg andre filmar som Lawrence of Arabia, Indiana Jones, Clint Eastwoodfilmar og mange fleir.Eit område her heiter til og med mini Hollywood.
Visste du at John Lennon var på ferie her då han laga Strawberry Fields Forever?
Koseleg by,og mange inntrykk.
I byen finn vi óg ei gammal borg, Conjunta Monumental de la Alcazaba.
Super utsikt over byen og ei storslått borg.
Naturleg å dyrke granateple i ei borg:)
Etter eit travelt døgn meinte onkel han var litt «slakk i kadanjen.»
Knutsen henta bilen og vi køyrde vidare.
Es un buen viaje:)