Velg en side

Eg er lei meg, iallefall litt.

 Det er rett før eg grét saman med véret:(

Eller kanskje skal eg danse med «Tor med hammaren»?

 

Det er ikkje lett å ha vitjing frå Noreg når vi plutseleg ikkje har Spaniavér.

Her har dei pakka koffertane fulle i solkremar, bikiniar, rutete badebukser og nette kjolar.

 Vi har snakka på telefon, her kosar vi oss ute,soler oss og badar.Temperaturen i havet er flott no, deilig.

 

KVA HJELP DET NÅR DET REGNAR?

Spanjolane jublar og gnir seg i hendene, deilig tenkjer dei, men vi?

 

Eg kjenner meg ansvarleg.

Eg årsakar meg og øser meg opp.

Kva nyttar vel det?

Véret lev sitt eige liv.

Det merkelege er at eg synast det er guffent, surt og kaldt. Berre 19 grader.

Når gradestokken heime nærmer seg 19/ 20 grader tykkjer vi det er storvegs.

Vi samlar saman alt vi har av somarslege klede og anna tjafs.

«Yes», sommaren er komen!

20 grader i Spania er kaldare enn 20 grader heime, merkeleg igrunn.

 
Dagen skal nok bli bra uansett, tante og onkel er like blide.

Dei er Noregsmeisterar i å kose seg.

Og Knutsen? Han vil vaske og spyle, faktisk på det einaste området regnet ikkje kjem.

Heldigvis melde «El tiempo» sol og «kleggjebet» klokka eit:)

 

No a la lluvia.Si el sol!

Share This