Velg en side

Vi kan ikkje berre vere heime i Casa Knutsen, eller nede på stranda.

Vi må jo oppleve noko av det flotte landet vi er i,så idag tok vi turen opp til Guadelest.

Sanninga er vel at véret ikkje var optimalt for soling, men meir for opplevinga.

Og det var ei lukke eller «ein sann styrelse» som nokon seier.

Guadelest ligg ein liten time unna, oppover og opover på svingete «Vestlansveg» Storslått natur og mange fruktplantasjer. 595 meter over havet ligg han. Dette er ein av dei mest vitja stadene i heile Spania. Her finn vi trange smug og små butikkar med krims og krams. Nokon har  ein gong sagt til meg at om du fer opp i fjella vil du finna det «ekta Spania», utan stress og jag. Her må nok dei 200 fastbuande stresse og mase litt med alt det med turistar.

Koseleg by og verdt ei vitjing er det uansett.

Byen har eksistert heilt sidan det 7. århundre,iallefall delar av han.Fyrst som ein muslimsk landsby,sidan spansk.

       
Her er mykje å oppleve, både borga, kyrkjegarden og museer.

 

Eg tykjer det er fasinerande med kyrkjegard,og denne ligg nesten på toppen av borga.

 

Etter ei vitjing på kyrkjegarden,passa det med ein tur i torturmuseet.

Det er utruleg mange måtar ein kan torturere,pine og ta livet av folk på!

Vi var saman med ei sart sjel,som nemde at i kveld ville det bli vanskeleg og sovne.

På vegen ned stakk vi innom eit anna museum, her fann eg den siste modellen for syklinga til Team Knutsen,samt mykje anna.

Utanfor fekk vi smake ein dråpe av lokal drikke,og det var bra, sidan turen heim gjekk høgt over fjellet og langt ned i dalen.

«Det var en spennende dag for Josefine»,sa onkel:)

 

Conducimos coches, muchos mil!

Share This