Velg en side

Blåmandag?

Det er stort sett fint vér i Spania.I dag tykkjer vi det er litt kaldt, 20 grader og noko regn:(

Eg får dårleg samvit for gjestane når véret er slik.

Dei er komen for å gå med minst mogleg klede,sveitte og sole seg. Tull og tøys at véret ikkje er bra.

Uansett,eg kan ikkje gjere noko med det, véret alså.

Morosamt skal vi klare å ha det,for historiar har eg å fortelje!

 

Knutsen elskar å leike med ord.

Ein kan sjå det på heile andletet når han har funne ei setning eller eit uttrykk som han tykkjer er morosamt. Dette skjer stadig vekk, og han er så nøgd.

Eit av dei siste ordspela kjem her:

Når temperaturen tippar 30 grader, så ringje badestrandalarmen.

Det gir meg ein glimrande anledning til å fortelje om solstolen min. Ein lekker liten sak.

Du har hatt den kjensla, at du har verkeleg har gjort eit kupp.At du har funne ein ting som gir deg «kindereggkjensla».

Tre ønsker på ein gong!

Og tenk, det har eg her i Casa Knutsen.

Det er ein utruleg kjekk og praktisk solstol, til og med namnet er bra.

«Tommy Bahama relax», smak på det:)

Eg er berre nødt til å gå i dybda.

For det fyrste:ein kan bere han som ein ryggsekk, utruleg praktisk.

I sommar traska eg opp og ned til dei ulike strendene med stolen på ryggjen.

Her i Moraira har vi ein original som traskar rundt i sidt skjørt og crocsa på feil fot. Det var ikkje langt unna at uttrykkjet «der går han med skjørtet, og ho med stolen», vart laga.

For det andre: stolen har ein liten frysebag nederst,her kan ein putte kjølementet,og ha«el agua fría» og ei lita Cava.

For det tredje: Eit eige rom til microfiberhandduken og boka ein vil lese. Kan det bli betre?

Ein ekstra «touch» vil eg óg nemne:stolen kan leggjast heilt ned,og har ei lomme til mobil og solbriller.

Avensjuk?

La silla maravillosa!

Share This