Når folk kjem på vitjing er det viktig med mat!
Det har eg lært av mor mi. Uansett kvar vi har vore, eller kven vi vitjar, så spør ho kva vi fekk å ete. Så her gjeld det å hamstre mat.
STORE MENGDER!
Det kjem folk både frå fjernt og nær denne helga.
Folk med lågt blodsukker er ikkje til å spøke med,og vi vil ha gjester som er blide og avslappa. Du veit korleis det kjennes,når du er god og mett og berre vil slengje det nedpå og slappe av,nyte livet.
Eg må gje dei mat,mykje mat og kanskje noko godt i glaset.
Då skal vi kose oss!
Det fine med Spania er at mat ikkje er noko problem. Her bugner det over av ferske råvarer, ein kan berre velje og vrake.
På fredagen er det marked i Moraira. Her kan du kjøpe alt du treng, ting du ikkje treng, men synast ser morosam ut,og ting du ikkje ante at du trengte.
Det er nok ikkje alt som er like bra,men ein del av tinga er som eit fabrikkutsal å rekne. Prisane er gode,og eg trur at ein del av spanjolane handlar kvardagstinga sine her.
Her er boder i lange banar.
Dette må vere rette staden for å få tak i mat, noko snack.
Dette skal gå fint, handlinga er i gong.
Ikkje så lett å sykle heim på «brelettsykkelen» no:)
Hugs eg skal oppover,oppover.
La comida es muy importante:)