Velg en side

Vi venter gjester, frå Noreg!

Eg kjenner eg blir sveitt, og det ikkje av véret.

Misforstå meg rett, det er hyggjeleg med vitjing, men eg har vore tøff i andletet.

Dei ba om toppsuita?

Eg trur ikkje vi har sagt vi driv hotell?

Eg veit kva som skjedde når eg tenkjer etter.Tøff så eg var seint ein kveld, sikkert langt på natt, sa eg så opplagt:Sjølvsagt skal de få toppsuita.

No nærmar det seg, og eg stresse meg litt opp.

Her gjeld det å vere løysningsorientert. Eg får gjere det beste utav det.

La meg sjå kva eg kan spinne opp, slik at dei «trur» dei er på hotell:)

 

 

 

1. Tøfler,som eg har knabba på eit hotell vi var på:check!

2. Badehåndkle, som vi fekk i gåve på eit hotell på Ibiza:check!

3. Nokre småflasker, dei lurer vi alltid med oss i toalettveska:check!

4. Frukosten fylgjer med:check!

5. Blomane står klar:check!

6. Eigen takterasse, med utsikt:check!

7. Eigen nykkel:check!

8. Slit litt med minibar, men då får eg seie det er eit misjonshotell:check!

Slik ja,eg har iallefall gjort mitt beste, og vérmeldinga ser bra ut:)

Bienvenido a casa Knutsen!

 

 

Share This