Sein med blogginga idag. Her vart det mange andre ting som måtte gjerast på føremiddagen. Manikyr og planteinnkjøp. Travel føremiddag?
Det er på tide å syne fram litt meir av staden eg bur på akkurat no, eller bur og bur.
Eg har høyrt rykter om at eg har flytta til Spania, det er nok ikkje heilt sant. Eg er meir som ein sjømann, det blir 5 – 6 veker i Spania, og så nokre veker i Noreg.
Det kan óg hende at vi reiser ein annan stad, moglegheitane er mange.
Det er no ikkje poenget her da.
Eg vil berre at dykk kan få ta del i nærområdet mitt.
Moraira, ein gong ein fiskarlandsby, har mykje å by på.
Området er kupert, og ein finn bukter og viker med småstrender på.Nokre med stein,andre med sand eller vi kan finne begge deler.
På alle stadene ligg det stort sett restaurant og bar.
Denne stranda finn ein rett før ein kjem til sentrum av Moraira.
Her er ein heldig!
Er du blant dei som nyt sand mellom tærne, sleng deg nedpå.
Er du blant dei som tykkjer at sand er noko heft, gå nærare sjøen og du finn svaberg.
Her kan ein kose seg og nyte livet,sola og dagen.
Restauranten er koseleg med god spansk mat.
Om du ikkje vil kle deg,men nyte strandlivet heile tida, er det mogleg å kjøpe «Comida para llevar». Ikkje berre paella, men salater, kylling, lasagne og anna godsaker.
Eg tykkjer slike småstrender er som «Lykkeperler».
Du får kome og oppleve det sjølv:)
La felicidad es un dìa en el sol!