Eg har sykla til Albir,
gjennom Calpe med eit flir.
Ned og opp og ned og ned,
her fekk kroppen sjeldan fred.
Eg tykkjer farta er ganske stor,
Knutsen er som ein bilmotor.
Altea var farleg, mykje trafikk,
rett før eg i ein bil «gikk».
Heldigvis så fant vi hav,
slik at det blei mindre kav.
Sola skinte,tommel opp,
i Albir vi tok ein stopp.
Mat er viktig kan du «tro»,
gjett om han kjendes «supergo».
Sjekka ut ein koseleg stad,
RTS, dei blir nok glad.
Heim igjen, det måtte vi,
er no kroppen komt på gli?
Opp og opp og opp og opp,
rett før hjarta seie stopp.
Lykkeleg eg Calpe «så»,
glad eg klarte toppen nå.
Var eg nokon gong sur og tverr,
Nei, det blir eg berre i dårleg vèr.
Nestan seks mil,eg er ikkje i tvil.
Stolt av meg sjølv er eg nå,
sjøl om eg ikkje i morgon kan gå?
PS! Og det einaste grunnlaget eg hadde var at eg var kretsmester i stille «lidelse» 🙂
Estoy orgulloso!