Velg en side

Det var med store forventningar vi sette oss i bilen denne mondagsmorgon og køyrde sørover. Vi skulle på vitjing. Turen gjekk til ein liten»tettstad» kalla Eden. 
På folkemunne hadde vi høyrd at nokon kalla staden «Allmannamyr sør».

Dette måtte vi sjekke ut.

Vi suste avgarde på motorvegen, gjennom flatt jordbruksland og saltsjøar.

Etterkvart som vi stadig kom nærmare byrja spørsmåla og kverna inni hovudet.

Ville vi sjå at det var mange frå Skudenes her?

Ville vi høyre ein av dei mange Skudenessongane runge over høgtalar?

Har dei planar om å lage festival?

Ville det vere så mykje Skudenesbu at eg til og med ville lengte  attende til jobben min?

Spenninga steig!

Vi var heldig som hadde fått ein avtale,så vi kom til dekka bord og hyggjeleg velkomst. 

Kaffi og vafler gjer godt.

 

Eden er ein relativt liten og koseleg urbanizacion, med kvite hus og koselege gater.

På rundturen vår såg vi mange spor.

Her lev og bur det Skudenesbuar side om side.

          

 

Vi fekk til og med møte nokre. Hyggeleg dag og god stemning,Skudneskjensla var absolutt til stades. 

          

Vi grov og spurde om alt mogleg.  

Her har vi det supert. Vi har buss som går til Guadamar. Vi har koselge kafe og restaurant. Stranda i byen er flott.Av og til samlast vi til song og hyggje.

Alle svara var eintydige:

Vi stortrivst her,og nyt livet.

Dette er ei perle, vårt paradis!

Eden es una joya!

Share This