Velg en side

Sidan vi har hage,med mange flotte planter,kan det dukke opp nokre ørsmå problem.Ikkje problem heller,men meir ein liten irritasjon.

No tenkjer du nok at det er arbeid å halde hagen, og at eg må lugge og vatne, men det er ikkje akkurat det.

                              

«Jeg har fanget meg en mygg smeltet fettet av den.

Tønnen her er stor og tykk, fylt med fettet fra den.

Sy meg straks et støvlepar, du kan godt begynne,

hvis jeg ingen penger har, får du fett i tønne.» (Ungarsk folkevise)

 

Dei myggane er nokre luringar. Når du minst aner det har dei lurt seg til å stikke.

Plutseleg poppar det opp nokre byllar både her og der.

Når ein kjenner det, må ein jo berre klå.Det nærast kriblar i huda,som om det framleis er nokre smådyr som går der og kitlar.

Irritasjon!

Nokre myggar er ikkkje så lure. Du har nok høyrt dei. Det er dei som kjem summande med ein høgfrekvent lyd inn i øyra. «Fytti», då går både armar og bein.

   

Ein kan vere løysningsorientert, fordi eg veit det er mykje ein kan gjere for å minske antalet av mygg. Det finst både duftelys, myggmiddel, høgfrekventlyd, røykjelse og anna lure ting. Nokon eg kjenner har og vore på apoteket og fått kremar, oljer og spray.

Men eg,eg er ein viking.Vi er av det tøffe folkeslaget.Dette skal eg tola!

Det kan då ikkje vere så mange mygg?

Og det går bra,lenge.

Heilt til eg pluseleg får litt  meir kløe, så meir og meir og no må eg berre klå og kjenne på stikka om og om igjen. Eg kan ikkje la vere.

Då tenkjer eg på ei god venninne av meg som ein gong sa noko sånn som dette:

«Når ein kjem heim kan ein «koseklø» på myggstikka og tenkje på gode sommarminner:)»

Los mosquitos pueden ser molesto!

Share This