Velg en side

                              

1.Til dei som har fått eit inntrykk av at eg er på treningsleir,og blir pressa av Knutsen til å trene, må eg berre skuffe.

Det er ikkje sant.Knutsen elskar å vere i aktivitet, det er sant. Han elskar og at kona er med på trimturane, og det elskar eg. Vi trener berre av og til. 

Og når ein er på ein stad med stort sett fint ver, får ein lyst til å vere i aktivitet. Så «blodtrening» er det ikkje, heller morosam mosjonering.

 

 

2.Til dei som trur at vi lev eit liv i i sus og dus, ikkje sant.Ja, vi feirer av og til, men ellers er livet nokså fredeleg.

Stort sett har vi kvardagar. Vi står opp når vi vaknar, et frukost på terassen medan lokalradioen/ nitimen står på.Det er viktig å følgje med kva som skjer i Noreg.

Og så startar Knutsen heimekontoret sitt, han har jo tross alt ein jobb:)

Eg har jo laga meg ein liten hobby, så når han jobbar,sit eg og vrir hjernen og tenkje på kva eg skal skrive i bloggen. Så går no timane.

Eg må vel innrømme at vi nok går oftare ut og et enn heime, men her er moglegheitane mange og prisane gode.

3.Og spansken? Den jobbast det med litt kvardag. Rom vart ikkje bygd på ein dag veit de.

Vi trener og utfordrar kvarandre,det går sakte, veldig sakte,men framover.

Gårsdagens ord: opp/ nede og inne/ ute

Arriba/ abajo y dentro/ afuera.

Vi hadde til og med ein liten samtale med taxisjåføren om kvelden.

 

Elles nyt vi kvarandre, veret

og alt anna som fell oss inn.

   

 

         

 

 

Eg veit eg er priviligert som har moglegheita til å  testa ut eit levesett der tida spelar inga rolle.

Vi slit ikkje med tidsklemma og dårleg samvit for ting vi burde, men kan gjere det vi kjenner vi har lyst til.

Så til no har eg ikkje kjeda meg eit sekund, så får tida vise etterkvart kva eg tykkjer.

Que tengas un buen domingo!

 

Share This