Velg en side

Av og til er det godt å halde seg heime i Casa Knutsen. 
Det er ikkje alltid ein vil ta på seg treningsklede,og jogge rundt i området bakke opp og bakke ned.

Då har vi jo sjølvsagt ordna det slik at vi kan trene heime.

Her er både vekter, hoppetau, yogamatte og basseng. Det er berre til å setje igang.

Fyrst ein sunn og frisk smoothie, så starter vi.

For dei som no lure på oppskrifta på denne flotte smoothien så kjem den her.

Innhald:

Ein god neve fersk spinat

Eit grønt eple, kutta i eplebåtar

Fersk ingefær, ei teskei

Press ei lime

Ei gulrot i bitar

Litt aloerajus

Putt alt i ein blender og køyr maskina.

Medan dette står på, ta gjerne litt oppvarming i form av dans.

Vel ein song du likar og dans i veg! Då kjenner ein lykkekjensla kome.


Knutsen tar fort ei anna rolle, no som personleg trenar.

Her nyttar det ikkje å liggje på latsida. 

Vi starter med intervalltrening:

Hopp hundre på hoppetau,et,to,tre,pust,pes. Magen «disse»og brysta duve?

Så lyft vektene opp og ned,opp og ned. Tungt ja,Knutsen skulle absolutt kjøpe vekter på 7.5 kg, her skal det ikkje kome «grevinneheng» nei.

No magen, situps ca 30- 40, og hold, hold, hold!

Frå byrjinga att: hopp hundre på hoppetau, løft vekter og jobb med magen. Sånn ja.

Hopp i bassenget!

 

 

No skal eg ikkje skryte på meg at vi har eit treningsbasseng. Nei,det er vel meir eit kosebasseng til å kjøle seg ned i.Eit basseng ein nyttar når sveitten renn,og det eigentleg er for varmt på terassen.

Så her nyttar det ikkje å telje lengder, her må ein symje på tid.

Så sym ein her da, rundt og rundt medan klokka tikker iveg. Rundt og rundt, som ein gullfisk i ei bolle, til ein nestan blir svimmel i hovudet.

Klokka tikkar fem minutt,ti minutt og så er det gått ca eit kvarter.

Det flotte er at etterpå kan ein berre flate ut på solsenga,og lure seg til»en lille».

 

Tuve un buen entrenamiento.

Salut:)

Share This