Knutsen sprett opp or senga (iallefall i denne ideelle verda).
«Gratulera med bryllaupsdagen, baby!Eg håpa gatene er sopa og gullreine,og flagga er hengt opp,for no kjem vi.»
Valencia aquí llegamos!
Avgarde til Valencia for å feire 26 år som ektepar.Eg må jo berre vore eit barn då eg gifta meg,for inni meg kjenner eg meg ikkje meir enn ca 29.
Dette blir morosamt. Bryllaupsfest!
Forventningane er på topp.
Her er det berre til å glea seg til alt som skal skje.
Knutsen har mjukna med åra,romantikken er til å ta og kjenne på.
Han meiner sjølv det er betre med stigning i livet,enn å svi av krutet med ein gong.
For ein by! Berre ein time unna.
Dette er er den 3.styrste byen i Spania, og han inneheld alt ein storby skal ha. Her er fine, grøne friluftsområde,strand,shopping og ein koseleg gamleby.
Gamlebyen innbyr til mykje hyggje og kos.
Å vere med Knutsen er slett ikkje for pingler. Her gjeld det å ta på seg joggeskoa,og småjogge etter ein relativt spretten mann i sin beste alder. Hugs på, fyren har nesten hestebein. Vi trør og trør, gate opp og gate ned. Vi får iallefall sett mykje av byen, ofte gater med lite og ingenting,iallefall ikkje butikkar?
Vi går og går, sveitten renn og temperaturen nærmer seg 34 grader.Endeleg ei gate med butikkar. I utstillingsvindauga bugner det med pels, jakker,votter og skjerf? Skal sei,det er vi jo klar for.
Så litt avslapning, før mor kler seg i finstasen.
Det er eg som skal skine i kveld påstår Knutsen.
Vi får prøve det beste vi kan:)
Heldig eg som får vere med Knutsen på ein flott restaurant.
Feliz aniversario!
Día era perfecto y tuvimos una muy agradable.
Her kjem eit skråblikk på Valencia.
Dei vanlege turisttinga får de ta bilete av sjølv når de vitjar byen:)
Alle var einige om at det hadde vore ein super tur.
Nos gusta Valencia!
Elit escort bayanlara ulaşmanın en kolay yolu: escort Elit escortlara ulaşmak için hemen tıklayın