Velg en side

Etter ein fin sykletur, ca 3 mil, var det på tide med ein god og velfortent lunsj.

No kunne eg skreve mykje om sveitte, tørste og klatreetapppar, men det hadde vel vore å skryte. Dessutan er ikkje sykleturen viktigast idag, men flytsona.

Turen idag gjekk til ein av mine favorittstader, cale Baladrar.

Her er det ein koseleg bar/ restaurant, samt ei kulesteinstrand.

 

   

                    

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

     

 

 

Det er sjeldan travelt her i vekene.

I helgene derimot fylles stranda opp med den spanske storfamilien, stort og smått.

Då riggar dei seg til med parasollar, bord, stolar og store piknikkorger fulle av god, spansk mat. 

Dei kosar seg saman. Han far har tid til borna, og av og til kan ein sjå dei dykke etter skjell og blekksprut.

                                          

 

 

Å liggje her i flytsona, som Knutsen kallar det, er flott:)

Flytsona, for dei som ikkje veit kva det er, er når temperaturen er akkurat passe, bølgjene knuse mot strand og ein ligg der og dorme i sola.

Me gusta el sol, la playa y el mar!

 

 

 

Share This