Nokre km ovanfor Moraira ligg ein liten tettstad, Benimarco.
Her ligg ikkje husa tett, og aktiviteten er tilsynelatande ikkje stor.
I ei åside ligg det ein sjarmerande restaurant, tett ved bygda si kyrkje.
Dette er ein fin stad og ta sundagsmiddagen.
Canis,som vart starta i 1981, er spenstig i interiøret.
Her er friske fargar på veggane,morosam kunst, tallerkenar og glas i ulike fargar. Ein kjenner ein får lyst til å smile når ein kjem inn.
Sidan vi er i Spania vel ein sjølvsagt signaturretten, Paella.
Canis er viden kjend for å ha god paella, og han skuffar ikkje. Paellaen er muy buena.
Og dette veit vi, som har smaka mange etter kvart ,og ein gong hadde vi til og med vitjing av ein kjekk kar frå Åkra som laga ein heilt excelente:)
Kosleg å ete god mat, sjå sola gå ned og tenkje at livet er jammen meg ikkje verst!
Buena comida y bebida, hacer su vida mejor y viva!