Velg en side

Knutsen er komen.Han bugner over av energi,og sidan kona hans er blant dei som enno røykjer kjenner han ansvaret tyngje.

Lungene må luftast, så det er på plass med ein sykletur!

Riktig nok lokkar han med lunsj i nabobyen Havea, kven kan vel motstå det?

Lunsj på restaurant!

Sjølv om ein må sykle fleire mil for å få han.

Det skal no ikkje stå på utstyret, det er det lenge sidan han pressa på meg.

Chic?  

Dios mío! 

9% lange, svingete bakkar kan umogleg vere bra for 47 år gamle damer.

Eg pustar,pesar og klager i veg.

Då høyrer eg Knutsen bak meg: Køyr på,du har meir og gå på,du kan jo framleis snakke.

Kunne eg vore feig å stoppa og gått eit stykkje?

Går eg av sykkelen? Nei,det går ikkje, føtene heng fast, og om eg går av høyrest det ut som ein fullblodshest i bakkjen. Det vil klakke i asfalten.Opp bakken må eg, på sykkelen! PUST, PES.

     

Ruta: Moraira, Benitachell,Havea,Gata de gorgos,Teulada og San Jaime.

Godt å kome heim til Casa Knutsen att, eg hoppar rett i bassenget.

Det er kult og helse på andre syklistar.

Det er veldig kult å sykle i sykkelspora til dei proffe syklistane i Spania rundt.

Bicicletas min es agradable y la luz.

Fantástico viaje, pero estoy cansada 🙂

Share This