Om du skulle finne på å ta turen til Moraira ein gong, er dette ein av stadane du bør vitje.
Her kan ein sole seg, snorkle og ta ein koselig tapaslunsj på baren Algas.
Baren har ei fantastisk utsikt over sjøen og sentrum av Moraira.
Det er særs hyggjeleg og vere på stranda både før og etter. Å liggje i ein solstol og høyre bølgjeskvulp gjer noko med sjel og sinn.For ikkje å gløyme dei viktige D vitaminane.
Eit forbehold berre, er du blant dei som elskar sand mellom tærne, så er ikkje dette rette staden.
Eg likar stein og svaberg, og sidan finaste sandstrand er heime på Karmøy så vil eg heller kjenne sanden der.
På stranda er det fint å snorkle. Ein sym saman med mange hyggjelege fiskar som ein nærast kan ta på. Veit du, ein gong fekk eg eit lite kyss.
Me encanta el sol y el mar!