Velg en side

Den kjensla!

Fin utsikt over Moraira.

Eg er no likevel mest imponert over mi eiga treningsvilje. Opp til dette punktet er det ein lang,svingete og bratt bakke. Nokre flinkingar eg kjenner sykla opp her, eg hiv etter pusten berre av å fortelje det.

Den bakken har eg tenkt på både natt og dag, irritert meg på at eg var så syten til å prøve.

Cuesta arriba/ bakken!

Der er han i tankane att, irriterande. Eg må. Eg har lyst til å nedkjempe han.

Ekspedisjon topptur Moraira starta. Opp skal eg, og ein ettermiddag treiv eg på meg treningskleda og starta.

Det velta seg litt i magen, ville eg segne om eller ville det gå bra?

Eg pusta djupt inn og tok føtene fatt. Oppover gjekk det, oppover og oppover, betre enn forventa og med eit smil nådde eg toppen. Fy flate.

Soy bueno!

 

  

 

Share This