Velg en side

Eg er mor, lærar og husmor, Trives i grunnen i alle rollene, stort sett.

Har eit bra liv, men kjenner vel at av og til går det på autopilot. Tenkjer sjeldan på kva eg eigentleg har lyst til å gjere. Ein gjer det ein skal eller det som blir forventa.

Dette året reiste minstemann til Brasil som utvekslingsstudent, og plutseleg var vi utan born i heimen. For fyrste gong på 25 år!

For ein moglegheit,her måtte ein finne på noko.

Tenk å få eit år til å gjere aktivitetar eg ikkje har tatt meg tid til i ein travel kvardag.

Nokon vil nok tenkje at dette er ei krise for ei dame som er komen midt i livet, men pytt sann, då skal eg jammen meg nyte ho.

 

Tilfeldigvis har vi eit hus i Spania!                 

 

Kvifor blogg?

Å lage blogg er mest for å utfordre meg sjølv til å skrive ned tankar og idear. Ein gløymer fort,og eg kan ha bloggen som ei minnebok etterpå.

Så her vil det kome både reiseopplevingar, kvardagsaktivitetar og andre tankar som fell meg inn.

Vil du følgje med,så heng på:)

 

 

Vivir su vida!

 

 

 

Share This